Jon har sove sidan dei køyrde ut av Oslo, men no lyser det frå mobilen hans. Ikkje eit ord har blitt veksla på heile turen. Tre og ein halv time. Furtar han, kvir han seg, eller er han berre sliten? Sjølv har ho måtte hun konsentrere seg om vegen. Det regnar og snør om kvarandre, og sikta er dårleg. Varmeapparatet susar, vindaugsviskarane gir iblant frå seg ein gnissande lyd. Ei vassflaske rullar rundt på golvet, ho prøver å ignorere den. Den siste halve timen har ho hengt på bak ein varebil, i trygg avstand til baklysa. To fjerne, raude prikkar, haldepunkt i halvmørket. Ho gler seg til snøen, rein, lysande snø, mora sa det i telefonen, at snøen ligg kvit der oppe. I år har det ikkje vore nokon diskusjon om kor dei skal feire jul. Ho lengtar alltid heim til garden,særlig i jula, utan å vite heilt kva det er som dreg. Mora og faren,den lune puslinga deira. Eller huset, dei små stovene, tunet,opplyst av faklar,juletreet som er hogd i eigen skog. I år veit ho at det blir annleis. Men den gode forventninga er der likevel.
Jon legg frå seg mobilen og lener seg attande i setet.Den begynner å bli litt rar, denne stilla mellom dei. Ho har ikkje fortalt han om samtalane med mora og søstera. Desse telefonsamtalane er så forvirrande. Når ho snakkar med mora, får ho inntrykk av at alt er nesten som vanleg, mens Nina framstiller alt som det reinaste kaos. Ho ser han for seg, med ein arm i fatle og øksa i den andre. På veg ut i skogen for å hogge juletre, mens dei to kvinnene prøver å få ham frå det. Og faren dritsur, kva er det dei masar med? Mora i telefonen, lett fortvila: Han gløymar det heile tida, gløymer at han har bresta handa. Nina dramatisk: Eg måtte gøyme øksa, låse den inn i boden, saman med rifla hans.
Fra Jul utan tre av Brit Bildøen,hentet fra heftet Juleroser 2016.
♥ I dag passer det fint med Nils Bechs versjon av O,Helga Natt ♥
Da ble det julemusikk i stuen, takk Beathe!
LikerLiker
Bare hyggelig, Tine! 🙂
LikerLiker